Etter nokre månader med fri ferdsel, startar vedlikehaldsarbeidet i Strynefjellstunnelane opp att komande veke. Statens vegvesen opplyser at det dermed blir ein ny periode med lange stengingar.

Arbeidet startar onsdag 10. april. I løpet av dei neste tre til fire vekene skal entreprenøren fullføre brannsikring av tunnelane. I denne perioden vil vegen vere stengd frå 06.00 til 18.00 frå måndag til laurdag, med kolonnar kopla opp mot ekspressbussane.