- Det er vår og fotballstart. Stryn Fotball ønskjer å vere ein inkluderande klubb som kan aktivisere flyktningar som kjem til Stryn kommune, seier John Os i Stryn Fotball.

- Vil invitere til felles trening

- Vi vil invitere til felles treningar for alle. På sikt vil nok fleire unge kome med på våre aldersbestemte lag. I tillegg ønskjer vi at flest muleg av dei vaksne og foreldre til borna kan engasjere seg også i andre oppgåver i klubben, til dømes dømming. Dette tiltaket er allereie i gong og vil bli gjennomført i 2016.

Os legg til at sju vaksne allereie har meldt seg til dommarkurs  og at klubben har god erfaring med hjelp frå innvandrarkvinner under Flo aktivitetsveke sist sommar, eit opplegg som også blir vidareført i år.

Søkjer om kulturmidlar

- Vi ser at flyktningar har glede av fotballen og eit stort behov for å bli aktiviserte. Når vi kan hjelpe dei med ein god start i Stryn og på sikt få hjelp tilbake i form av sportsleg rekruttering og drift av klubben, er ikkje noko betre enn det, seier Os.

Stryn Fotball har no søkt om 15.000 kroner i kulturmidlar frå Stryn kommune for tiltaket. I tillegg legg dei inn 10.000 kroner i eigenfinansiering.

"Fotball er eit språk alle forstår, og er ein aktivitet som alle kan delta på", skriv Stryn Fotball mellom anna i grunnlaget for søknaden om kulturmidlar.