Stryn kommune er i gong med å førebu eit ope informasjonsmøte om kommunedelplanen for Langeset-Stryn-Storesunde. Dette skal etter planen haldast i Stryn kulturhus den 6. april.

Tilrettelegging av næringsareal

- Det er mange tema i planen som det bør fokuserast meir på for folk flest. Eitt av dei er tilrettelegging av næringsareal, spesielt påLangesethøgda, som i planen er føreslege utvida med omlag 650dekar. Dette meiner vi vil styrke kommunen sin posisjon somnæringslivskommune, og sikre at det skal vere tilgjengeleg arealtil nyetableringar og utvidingsmulegheiter for eksisterandenæringsliv, seier plansjef Geirmund Dvergsdal til Fjordingen.

Ligg ute til ettersyn

Planframlegget vart 8.mars lagt ut til offentleg ettersyn fram til 19. april. Hovudføremålet med planframlegget er mellom anna å leggje til rette for nye næringsområde, nye bustadområde, fleire gang- og sykkelvegar og sentrumutforming.

Arbeidet med kommunedelplanen for Langeset-Stryn-Storesunde vart noko utsett, på grunn av at arbeidet med kommunedelplanen for Olden vart prioritert framføre av formannskapet. Denne planen vart vedteken 25. juni 2015.