– Eg frykta at eg ikkje kunne stå på snowboard igjen, seier Truls Omtvedt.

Han driv skishopen på Stryn sommarski og er eit kjent ansikt for alle som har vore mykje på Tystigen.

I fjor sommar var han så uheldig å ramle ned i ein snøsprekk då han skulle køyre ned den «korte baksida». Han pådrog seg eit komplisert brot i høgre bein.

– Foten var heilt vridd og det såg veldig stygt ut. Først etter den tredje operasjonen skjønte eg at det kunne bli bra att. Eg brukte mesteparten av vinteren til å trene meg opp, fortel 73-åringen.

No er han tilbake i full jobb i skishopen og han har og fått testa brettet nokre gongar denne sommaren.

– Eg har vore på fjellet no i sommar og prøvd snowboardet eit par turar. Eg fekk ikkje køyre heilt som eg gjorde før, så det er jo kjedeleg. Men eg må berre vere glad for at eg kan gå og er oppegåande og frisk eitt år etter ulykka.

Truls Omtvedt pådrog seg kompliserte brot i leggbein og ankel då han ramla ned i ein snøsprekk på Tystigen 14. juni i fjor.