Det framleis stor skilnad mellom kva innbyggjarane betalar i kommunale avgifter i Stryn, samanlikna med i Hornindal. Det syner den årlege undersøkinga som Statistisk sentralbyrå har laga for Huseiernes Landsforbund.
Tala visar at medan stryningane betalar 10 058 kroner årleg i kommunale avgifter, så må honndølene ut med 17 175 kronar i året.
Dei kommunale avgiftene inneber avgift på vatn, avløp, feiing og renovasjon.
Den store skilnaden kjem av avgiftene på vatn og avløp. I Stryn betalar ein huseigar tilsaman 6374 for vatn og avløp, medan ein i Hornindal betalar 13 250 for det same.
I følge VG er Årdal den kommuna i landet med dei lågaste kommunale avgiftene. Her betalar innbyggjarane 6058 kronar årleg, medan Høylandet er Norge sin dyraste kommune. Her må ein ut med 19 951 kroner i året i kommunale avgifter.
Tal frå fleire kommuner:
Stryn 10.058
Hornindal 17.175
Eid 10.929
Sjåk 12.940
Volda 6.577