Visnes Vel går i innspel til kommunedelplanen imot forslaget om å opne den 4.-armen i rundkøyringa.

– Spørsmålet om opning av 4.-armen i rundkøyringa var eit stort tema på slutten av 1990-talet. Den gong valde kommunen stenging m.a. med omsyn til mjuke trafikantar. Situasjonen er den same i dag. Difor bør 4.-armen framleis vere stengd, hevdar Halldis Hagen, leiar i Visnes Vel.

I framlegget til kommunedelplan ligg det inne avlastingsveg frå rundkøyringa til Petterneset. Tidlegare har det vore forslag om at denne vegen skulle gå heilt til Bø. Men det er ikkje lenger aktuelt.

– Sjølv om vegen stoppar på Petterneset, vi det bli mykje biltrafikk. Noko som medfører auka fare for dei mjuke trafikantane som skal til og frå sentrum. Å la born heilt ned til 6-årsalderen passere eit slikt kryss, er svært risikofylt, seier Halldis Hagen, og viser til at borna frå Visnes ikkje har skuleskyss.

– Kva krav blir stilt dersom kommunen bestemmer seg for å opne 4.-armen?

– Etter mitt syn må det då bli ei gangbru eller andre løysingar som gjev mjuke trafikantar trygg passering i rundkøyringa, sluttar Halldis Hagen.

- Også dette er eit farleg punkt for dei somskal gå/sykle til og frå Visnes. Når hekken veks opp blir det vanskeleg å sjå små born, seier Halldis Hagen.