11-åringane Hans Teodor Haugen og Johannes Konstali-Lødemel frå Stryn hadde sett opp sitt eige blåbærutsal i Stryn sentrum førre veke. Her selde dei blåbær i 0,5 liters glas.

– Vi har betre kilo pris enn Rema 1000, kunne dei skryte av til Fjordingen.

Blåbær var heilt sjølvplukka, og dei hadde lagt inn ein skikkeleg innsats.

– I går plukka vi 15 liter på 1,5 timar og dagen før plukka vi 10 liter på 3 timar. Så vi fekk litt erfaring den første dagen, fortel Hans.

Salet har gått bra og dei har allereie tent godt over 1000 kroner, men gutane understrekar at dei ikkje gjer det for pengane.

– Det er gøy og så blir det som ein konkurranse om å plukke mest mogleg blåbær, forklarar Johannes.

Ideen fekk dei frå ein anna gut i bygda som gjorde det same.

– Han tente veldig bra, så då tenkte vi at vi måtte gjere det same, for vi skal bli businessmenn, smiler Hans.