I fjor lanserte dei klokke- og klekolleksjon. No får Boe Inspire viktig drahjelp frå Norsk gull- og urmesse.

Gutane bak klokke- og klesmerke Boe Inspire heiter Sigve Bø, Tor Andreas Bø, Ola Bø og Karl von Lithander, tre strynegutar og ein stockholmar.

– Det siste året har vi jobba mykje med innsal og marknadsføring av klokkene våre. Det har ført til at vi no er valt ut å vere «årets merke» på Norsk gull- og urmesse, fortel Sigve Bø, frå ein fiskebåt som ligg på sjøen aust for Bjørnøya.

Boe Inspire har altså blitt plukka ut til å vere norsk smykke- og klokkedesign sitt ansikt utad på Norsk gull- og urmesse. Messa går av stabelen i slutten av august.

Prosjektleiar for gull- og urmessa, Tone Nordli Rubin, meiner at dette er ein stor moglegheit for gutane.

– Denne messa er ein stad der unge norske designarar får vist seg fram. Kvart år vel vi ut eit merke som fronter messa. I 2012 var smykkedesignar Kaja Gjedebo ansiktet for gull og ur, noko som har ført til at ho har kome meir inn i norske butikkar, fortel Rubin og legg til at messa og siktar på den internasjonale marknaden.

– Vi har akkurat vore i Las Vegas og då var det bilda til Boe Inspire som pryda alt vi hadde med av trykksaker. Bilda deira vert vist i kvar einaste trykksak og kvar einaste annonse for messa, seier Rubin.

Ifølgje ho vart Boe Inspire vald ut på grunn av sitt særskilde uttrykk.

– Vi synest det var eit kult konsept, med ein spesiell historie. Det at dei er fiskarar og bruker det i designet sitt og lagar klokkereimer i fiskeskinn. I tillegg hadde dei flotte bilde og eit bra image. Når ein har ein historie bak det ein lagar er det veldig bra for marknadsføringa, samtidig er dei klokkeleverandørar og det finst ikkje så veldig mange norske klokkedesignarar, forklarar prosjektleiaren.

For å skaffe nok eigenkapital til å satse på design, har gutane jobba på fiskebåt i Nord-Norge. Noko både imaget og designa deira er sterkt inspirert av. Sigve Bø er for tida på fiske i Nord-Norge.