Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen stiller seg særs kritisk til at E39-brua i indre Nordfjord får seglingshøgde på 70 meter, når ein veit at det no vert bygd cruisebåtar som krev 73 meters seglingshøgde.

- Vi ber om at dette vert teke med som innspel vidare, heiter det i fråsegna som er signert bygdeutviklar Ketil F. Hansen.

Seglingshøgda på brua vart også omtalt i styremøtet til Nordfjord Havn. Der det kom fram at Hardanger går glipp av store cruiseskip fordi det ikkje er passering under Hardangerfjordbrua.

- Kystverket sitt krav for bru i indre Nordfjord er seglingshøgde på mimumim 75 meter, opplyste hamnedirektør Trond Garshol.