Med signaturen til ordførar Sven Flo, hamnedirektør Trond Garshol og styreleiar Elisabeth Elliott vart avtalen mellom Stryn kommune og Nordfjord Havn IKS gjort gjeldande. Det skjedde under Nordfjord Havn IKS sitt styremøte på Hotel Alexandra.

Avtalen som vart godkjend av Stryn kommunestyre (mot 1 stemme), regulerer kostnadsfordelinga mellom Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune. Det betyr i korte trekk at kommunen betalar og står for for utbygging, medan hamneselskapet dekkjer kostnadane. Avtalen gjev også Nordfjord Havn IKS full råderett over alt landbasert areal som gjeld handtering av cruisetrafikken i Olden.