Finn.no melder om 30% auke i antall sommarjobbsøk på sidene deira i år. Patruljen i Stryn trur at oljekrisa kan ha ført til tøffare konkuranse mellom arbeidstakarane.

-Det er ein meir pressa arbeidsmarknad i år, som følgje av oljekrisa. Det er derfor særs viktig at vi hindrar konkuranse på eit ulovleg nivå, seier Nordhaug.

Mange veit ikkje om rettigheitane sine

Ein god arbeidskontrakt bør mellom anna innehalde avtalar om arbeidstid, overtidreglar og pausar. I følge ei pressemelding frå LO er den største problemet at mange unge manglar arbeidskontrakt. Det at mange unge ikkje veit om rettigheitane sine, gjev arbeidsgjevaren moglegheit til utnytte dei.

- Det som stikk seg mest ut i Sogn og Fjordane, er manglande rutinar ved brann, og opptrening i høve ran hjå bedrifter som er utsett for det, seier Nordhaug.

-Vi er ikkje ute etter å ta nokon, men å irettesette og lære opp bedrifter i rettane til arbeidstakaren, seier Hornes.

Ingen myndigheit til å sanksjonere

Sommarpatruljen vil i dei fleste tilfella prøve å løyse saka på staden, og har ingen myndigheit til å sanksjonere arbeidsgjevaren.

-Om vi ser noko hårreisande ute i arbeidslivet tek vi sjølvsagt kontakt med arbeidstilsynet, som kan følgje opp saka, seier Hornes.

Forskjell på store og små bedrifter

Gutane opplev eit klart rutineskille mellom små og store bedrifter i fylket.

-Det er fortare gjort for mindre bedrifter å bryte lova, sidan dei ofte ikkje har dei samme rutinane som større bedrifter. Men, om ei stor bedrift først bryt den, så påvirkar det sikkerheita til fleire arbeidstakarar. Det er derfor viktig å besøke både store og små foretak, seier Nordhaug.

LO sin sommarpatrulje i Sogn og Fjordane består av 12 personar i år. Dei reiser rundt i fylket frå veke 26, til og med veke 28.