Stryn tok leiinga i 4. speleminutt etter flott kombinasjonsspel mellom Mads Wie og Vegard Sæten Hopland - der sistnemnde enkelt runda keeper og sette ballen i tomt mål. Resten av første omgang vart eit mareritt for heimelaget si side. Rollon scora tre gongar etter tafatt forsvarsspel.

Stryn heva seg fleire hakk i andre omgang. Anurathan Velalakan reduserte til 2-3 i 50. minutt då han sette ein retur kontant i nettmaskane.  Men fleire mål vart det ikkje.

Trenar Johann Sigurdsson var naturlegvis skuffa over tapet. - Vi slepp inn tre dritmål i første omgang. Etter pause blir det til at vi stangar og stangar mot Rollon sitt forsvar. Eit surt tap. Og alt for dårleg frå vår side, oppsummerer Johann Sigurdsson..

Keeper Jens August Guddal vart av ein jury kåra til Stryn sin beste spelar.