Tre bilar var involverte i ein kjedekollisjon på riksveg 15 i Holmøyane torsdag morgon. Ingen personar kom til skade, men skadeomfanget på bilane var betydeleg. To av køyretøya vart så pass øydelagde i kollisjonen at dei ikkje kunne køyre vidare. Bilberging måtte til.

Uhellet skjedde ved industriområdet i Holmøyane. Etter det vi får opplyst skulle ein bil svinge ut av riksveg 15 og inn på ei avkøyrsle. Då farten vart slakka ned, greidde ikkje den bakerste av tre påfølgande bilar å stanse på det glatte føret. Dermed køyrde han inn i bilen framfor, som igjen vart skuva fram i den første av dei tre bilane.