Stryn  formannskap gjekk i går inn for å yte eit tilskot på 50.000 kroner til forprosjektet "Framtidas landbruk" der Farmhouse er prosjektleiar. I forkant av denne saka vart det ein brei debatt i formannskapet omkring næringsfondet der midlane per dags dato er oppbrukte for 2016.

Brei debatt om næringsfondet

Det var ordføraren som drog opp debatten:

- Eg kunne tenkt meg og gjeve administrasjonen i oppdrag å sjå nærare på innretninga av fondet, når vi t.d. skal forhalde oss til søknader. Vi får færre midlar frå fylke skommunen, og då er spørsmålet om vi må skaffe oss større handlingsrom gjennom bruk av eigne budsjettmidlar, sa Flo.

Torstein Tvinnereim (V) og Klemet Bø (KrF) understreka næringsfondet sin rolle for knoppskyting, vekst i arbeidsplassar og nye midlar til kommunen t.d. i slike prosjekt som "Framtidas landbruk".

- Det er uhyre viktig å omdisponere for å setje midlar inn i næringsutvikling. Kanskje skulle vi også hatt eit eige utval for næring, sa Sonja Øvre-Flo.

Midlar etter rekneskapen?

Rådmannen tok signala:

- Det er rett at fylkeskommunen sine andelar tørkar inn. I mai behandlar vi rekneskapen for 2015. Spørsmålet er om midlar kan reserverast der og at vi får opp ein strategisk næringsplan. Då kan vi fylle opp. Eitt eksempel kan til dømes vere å seie at Stryn nyttar ein million kroner i året til føremålet der ein legg inn fylkeskommunen sin del i denne summen, sa Storevik. Han hadde lita tru på eit eige næringsutval:

- Næringsutvikling handlar om pengar, og då er det rett at formannskapet er i førarsetet.

Klemet Bø (KrF) spurde om det ikkje burde rettast signal oppover i systemet om at midlane vert redusert. Dette vart ikkje vidare kommentert utover at rådmannen meinte midlane gjennom fylkeskommunen burde vore overført kommunane direkte frå staten.

-Fylkeskommunen silar, og det vert liggande noko att i silen, sa Storevik.