Det er lysning i tunnelen for Nordfjordnett etter at selskapet har fått ny leiar etter lang vakansetid. Det gjorde rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland klart under formannskapsmøtet måndag. Formannskapet gjekk samrøystes inn for å løyve kr. 453.609.- på investeringsbudsjettet for 2016 som Hornindal sin del til nødvendige investeringar i Nordfjordnett.

Ny leiar

- Vi er prisgitt å vere med på dette, og vi skal følgje utviklinga, sa ordførar Stig Olav Lødemel.

Eldar Engelund (Sp) ønskte å vite litt om status quo i Nordfjordnett i dag etter tidlegare misnøye frå brukarane.

- Det er komplisert, men det er positivt no at ny leiar er på plass i Astrid Paulsen som kjem frå KS-systemet. Stillinga har som kjent lenge vore vakant etter at Sigurd Muldsvor slutta, sa Langeland.

Vil gå i dialog

- Leiinga har no invitert seg ut saman med han som styrer med drift. Dei vil oppdatere se gi kommunane ved å møte leiarnivåa. Dette skjer i månadsskiftet. Vi ser fram til dialog. Det er ekstremt mange brukarar med ulike behov, og ein slit framleis med gamle servarar rundt om som skaper problem for det store nettet. Elles skulle denne saka vore oppe i budsjettsamanheng før jul, men då hadde ikkje selskapet leiar som kunne seie noko om prioriteringane, sa Langeland mellom anna.

Ho la til at det har vore utskiftingar i styret og sa seg glad for at Sigurd Muldsvor sat der samstundes som han er med i strategigruppa. Strategiplanen kjem i juni, sa Langeland og presiserte til slutt at "alt ikkje var Nordfjordnett sin feil":

- Dei gjer sitt beste ut frå tilgjengelege ressursar, men det er ennå mykje gammalt ustyr rundt om i kommunane.

Engelund takka for ei god orientering. Han forstod at det var mange "datafaglege ekspertar", men færre som hadde "kunnskap om kommunal forvaltning". No kom leiar frå KS, og ein var på god veg.

På spørsmål frå Lars Alv Haugen (Ap) om når ein kommune eventuelt kunne bli fristilt, var Langeland sitt svar at vanleg oppseiingstid var eitt år.