Emilie Eikenes Vik (19) frå Stryn fortel at ho er nøgd over å ha kome inn på skule i Bergen, og seier ho ser fram til nokre spennande år som student i byen.

Kva er årets ferieplanar?- Planane mine for resten av ferien vert å få tatt ein tur til Athen, og få jobbet i Stryn før eg flytter til Bergen.  Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Mykje fint vêr, og vere saman med vener. Sommaren heime i Stryn tykkjer eg er den beste, fortel Eikenes Vik med eit smil.Kva et du helst på denne tida av året?- Det går for det meste i grillmat, og elles vanlege matrettar som pasta for eksempel. Eg er faktisk svært glad i pasta.

Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Eg ville nok tatt dei med til Lodalen fordi eg tykkjer området er verdt ein tur å besøkje.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Det må nesten vere frå i fjor sommar då eg og nokre vener bestemte oss for å dra til Hjelle og bade. Vêret var strålande den dagen, og vi storkosa.