Anders Magne Vik fekk sleppe til med innlegg på landsmøtet til Frp. Der snakka han vart for at ein opprettheld øyremerka tilskot til frivilligsentralane.

- Frivilligheit er ein uvurderleg ressurs for landet vår,og her gjer frivilligsentralane ein formidabel jobb rundt om ikommunane, sa leiaren av Stryn Frp. Som på det sterkaste åtvara mot at øyremerka tilskot til frivilligsentralane vert overført til kommunane.

-Vi er mange som er bekymra om dette blir vedteke fordi det vil endre og undergrave økonomien til den unike institusjonen som eit samla Storting har bygd opp gjennom dei siste 20 år.  Frykta er at øyremerka tilskot til frivilligsentralane som ikkje er ei lovpålagd oppgåve, blir ein salderingspost dersom midlane vert putta inn i kommunane sine rammer, uttalte Anders Magne Vik. Som etter innlegget sitt drøfta saka gjennom dialog med Siv Jensen, Bård Hoksrud, Terje Søviknes og Helge Andre Njåstad.