Fylkesmannen i Sogn og Fjordane går i innspel til kommunedelplan imot vidare utfylling av sjøarealet på Vikaleirane.

I uttalen heiter det: "Fylkesmannen rår sterkt frå å leggje ut brakkvassdeltaetVikaleirane, ved utløpet av Stryneelva, til byggjeområde fornæring. & Brakkvassdeltaet Vikaleirane (Foto: Norge i bilder)Fylkesmannen meiner at Stryn kommune har gjort eit omfattande oggodt arbeid med kommunedelplan for Langeset-Stryn-Storesunde. Vihar likevel ein del merknader og tilrådingar som vi vonar vertinnarbeidde i planen. Vi vil spesielt peike på ansvaret kommunenhar for å ivareta interesser knytt til biologisk mangfald. Vi erspesielt kritisk til at kommunen legg ut restane avbrakkvassdeltaet Vikaleirane til næringsformål. Dette områdetomfattar ein del av ein svært viktig og sårbar naturtypelokalitet,der det også er registrert funn av raudlisteartar. Sjølv om storedelar av det opphavlege deltaet i utløpet av Stryneelva er utfyltog utbygd, m.a. til næringsformål, er dei attverande delane (somomfattar Storeleira og det planlagt utfylte Vikaleirene) detviktigaste brakkvassdeltaet i kommunen. Vi tilrår at kommunenheller tek vare på naturkvalitetane i Vikalairane, som også harstor verdi for lokalt friluftsliv, bumiljø og iundervisningssamanheng. Uavhengig av kva løysing kommunen går for,meiner vi Vikaleirane bør bli betre kartlagt av ein fagkunnigbotanikar. For nokre tema og konkrete område i kommunedelplanen erdet etter vår vurdering manglar i utgreiingar, føresegner m.v., somgjer det vanskeleg å sjå om det er konflikt med nasjonale ellerviktige regionale interesser. Vi har derfor fremja nokre motsegnermot planframlegget. Fylkesmannen understrekar det sjølvstendigeansvaret kommunen har for at innhaldet i planen stettar lovkrava.Vi håpar at vi gjennom god dialog med kommunen vil kunne kome tilsemje når det gjeld motsegnene."