Valstyret i Hornindal flytter deler av stortingsvalet 9. september ut av kommunen. Nærare bestemt til Sindre skytebane i Stryn.

Grunnen til flyttinga er at Markahall, som til vanleg er vallokale for Kjøs krins, ikkje lenger er eigna som vallokale. Straum og vatn er fråkobla.

For veljarane inneber ikkje flyttinga den store dramatikken. Sindre skytebane ligg berre fem hundre meter frå Markahall, men altså på andre sida av kommunegrensa - i Stryn kommune.

Valekspert Knut Henning Grepstad seier til Fjordingen at vallova ikkje er til hindrer for ei slik flytting. Lova seier ikkje noko om kvar røystelokala skal vere.

- Hadde Hornindal valt Nordkapp som røystestad, hadde det sjølvsagt vore noko anna, er Grepstad sin humoristiske kommentar.

Grepstad poengterer at valstyret skal leggje tilhøva praktisk godt til rette for veljarane. Då skulle ei flytting fem hundre meter bort frå Markahall vere ei grei ordning i dette tilfellet.

Med andre ord: Hornindal kommune gjer noko uvanleg, men ikkje ulovleg, når dei flytter eit røystelokale til nabokommunen Stryn på valdagen 9. september.

Markahall er ikkje lenger eigna som vallokale i Hornindal. (Foto: Hans Holmøyvik)