Fredag tok billettane slutt og no er Malakoff Rockfestival utseld. Om lag 10 000 menneske besøkte festivalen i går.

- Frå Monica Heldal gjekk på Amfiscena til Mastodon avslutta festivalkvelden var stemninga på topp på festivalområdet, skriv festivalen i ei pressemelding.

Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane gjekk det roleg føre seg på festivalen i går kveld.

Dei skriv i politiloggen «Det var samla ca 10000 personar på festivalen i natt. Der var god stemning. Til saman 3 personar vart bortvist frå staden. To for bruk av narkotika og ein for ordensuro.»