- Nordfjordrådet vil innan fristen kome med ein uttale der vi gjev uttrykk for djup uro over den politianalysen som ligg ute til høyring, seier ordførarane Sven Flo (H) og Anne-Britt Øen Nygård (Sp).

Stryneordføraren og honndalsordføraren er høvesvis leiar og nyleg avgått leiar i Nordfjordrådet. Dei er ikkje glade for framlegget som varslar ei sentralisering med færre politidistrikt.

- Vi meiner at dette ikkje vil gje gode tenester for Sogn og Fjordane som fylke og kommunane våre. Vi mister i stor grad begrepet nærpoliti, seier Flo og Øen Nygård.

Dei to meiner at Sogn og Fjordane framleis må utgjere eit eige politidistrikt. Og at det ikkje kan gjennomførast omorganisering av lensmannskontora parallelt utan at det først er teke ei avgjerd om den strukturen politidistrikta skal ha.

Uttalefristen er 1. oktober.