På NorskMålungdom sitt landsmøte i Malvik vart Synnøve Marie Sætre (25) fråØrsta attvald som leiar. Ho får i oppgåve å leieungdomsorganisasjonen vidare det neste året.

Norsk Målungdom haddelandsmøte i Malvik i helga. Språkengasjert ungdom frå lokallagaover heile landet møttest for å forme organisasjonen sin politikk itida framover. Målungdomen vedtok mellom anna arbeidsprogram forden neste perioden og tillegg til program for språk i skulen.

Synnøve Marie Sætre vart aktiv i Målungdomen gjennomStudentmållaget i Oslo og har sete tre år i sentralstyret. Detsiste året har ho vore leiar, og er no vald for eitt år til.

– Åretsom leiar har berre gjort meg endå meir engasjert i målsaka, og egser fram til å leie organisasjonen og vere med på å setje dagsordeni språkdebatten i året som kjem, seier Sætre. Som den viktigastepolitiske prioriteringa nemner ho språk i skulen.

Med seg på laget isentralstyret får ho nestleiar Fredrik Hope frå Hyen, Kirsti Lundefrå Lom som skrivar, Hans Rasmus Glomsrud frå Eidsberg somøkonomiansvarleg, Kine Svori frå Jostedalen som sentralstyremedlem.