Laurdag morgon klokka 08 vart 33 tilsette på Hotel Alexandra i Loen tekne ut i streik.

- Dette handlar om lokal forhandlingsrett og løn. Streikeviljen mellom medlemmene er stor og vi har allereie fått ei rekkje sympatierklæringar, fortel hovudtillistvald i Alexandraklubben, Jon Idar Hilde, nokre timar etter at streikevaktene hadde teke oppstilling utanfor hotellet.

Alexandraklubben er tilslutta Fellesforbundet avdeling 019 Sogn og Fjordane.

- Vi er 35 medlemmer, av dei to på Hotel Loenfjord som ikkje vert omfatta av streiken, opplyser Hilde.

- Kva oppgåver har de som streikevakter?

- Vi står her og observerer kven som går på jobb, snakkar vennleg med gjestar og gjev informasjon om streiken.

- Korleis er reaksjonane?

- Vi har fått tilbakemeldingar frå gjestar som støttar oss i kravet om lokal forhandlingsrett og betre løn i ein bransje som ligg lagt bak t.d. industriarbeidarløn.

- Korleis er forholdet til arbeidsgjevar?

- Vi har minneleg forhold, seier hovudtillitsvald Jon Idar Hilde.

Fjordingen snakka også med Olav Lars Rake som er ansvarshavande på Hotel Alexandra i helga.

- Hotellet held ope. Vi prøvar å ha tilnærma normal drift ved bruk av uorganiserte tilsette, seier Rake, som viser til at Hotel Alexandra har mellom 100 og 120 tilsette. Av dei er 33 tekne ut i streik.

I resepsjonen ligg fylgjande informasjon: "Ein del av våre tilsette er tekne ut i strik med verknad frå laurdag 7. mai klokka 08. Som følgje av streiken kan det opplevast at tilbod og service i enkelte avdelingar kan bli litt redusert, og vi ber våre gjestar om forståing for dette. Vi lovar at vi skal gjere alt vi kan for at tilbodet til våre gjestar skal bli så godt som råd. Vi håpar at du får eit hyggeleg opphald på Hotel Alexandra."