-Det kjem ikkje til å gå utover bosshentinga i Nordfjord, vi har allereie fått ein ny bil på plass, årsaken til brannen veit vi ikkje enda,  seier avdelingsleiar i Renonorden Ove Hjelle.

På onsdag i forrige veke stod ein bossbil i full fyr på Haugen i Eid kommune.

Frykta spreiing

Jacob Bredesen høyrte ti kraftige smell utanfor huset sitt på Haugen.

-Det såg ut som bilen hadde eksplodert. Eg var redd for at brannen skulle spreiie seg til nærliggande skog og boligfelt, seier han.

Vanskelig brannslukking

Beredskapsleiar i Eid brannvesen, Are Fagerli, fortel at den ytre brannen fort var sløkt.

–Det tok ekstra lang tid å slukk brannen, fordet vi måtte bore oss inn å slukke brannen i sjølve bosslageret, all hydralikken var øydelagt. Det var ingen fare for spreiing, sidan bilen stod plassert midt på vegen, seier han. Smella augevitna hadde høyrt, trur han kom i frå dekk og diverse luftputer i bilen.

Bilen hadde vert i Måløy og var på veg til Sandane for tømming. Det var restavfall og bioorganisk avfall i bilen. Bossrommet er delt i to kammer, og det var kun i det bioorganiske søppelet det brann, ifølge Beredskapsleiaren.