Leiaren i Hornindal Næringslag meinerat ein allereie no bør sikte seg inn på at E39 vert lagt utanom Grodås sentrum.

– Med utgangspunkt i Europas djupaste innsjø har vi alle moglegheiter til å skape eit unikt sentrum som vil vere attraktivt for både fastbuande, turistar og andre som kjem til bygda, hevdar Bjørn Lødemel.

Bakgrunnen for utspelet til næringslaget, er Statens vegvesen sitt planprogram for E39 Byrkjelo–Grodås. Der ligg det inne fire forslag til kryssløyving, alle på nordsida av Grodås. Det betyr at hovudtrafikken i framtida vil gå utanom sentrum.

– Når E39 vert lagt utanom hovudgata, må vi finne gode løysingar for det som kan skje i sentrumsområdet i forhold til forretningsdrift og anna næringsutvikling, understrekar Bjørn Lødemel.

– Det er vel allereie i dag marginalt å drive næringsverksemd på Grodås. Og verre blir det når/dersom gjennomgangstrafikken forsvinn frå sentrum?

– Ja, og difor er det så viktig at vi allereie no startar prosessen for å gjere Grodås attraktiv når gjennomgangstrafikken forsvinn om 10–15 år, understrekar Bjørn Lødemel. Som viser til at Hornindal Næringslag i innspel har bede Statens vegvesen sjå på E39-avkøyrsle som gjer at Grodås sentrum kan få mest mogeleg av trafikken.

– Til lenger vekk avkøyrsla kjem, til viktigare blir det å skape eit attraktivt sentrum, forklarar leiaren i næringslaget.

– Ei kjempeoppgåve

– Du ser moglegheitene for at Grodås kan bli eit stoppunkt sjølv om E39 går utanom sentrum?

– Ja, eg meiner vi kan skape eit unikt sentrum som gjer at folk får lyst å svinge av til Grodås. Men for å få det til, krevst det stor og felles innsats frå næringslivet, kommunen og innbyggjarane. Her har vi alle ei kjempeoppgåve framfor oss.

– Korleis kan kommunen bidra?

– Dei får ei viktig rolle. Parallelt med planlegging av E39, må dei rigge sentrum så attraktivt at det vil trekkje til seg folk når hovudtrafikken forsvinn. Det er avgjerande at kommunen legg til rette for nyetablering og vidare utvikling av servicetilbod, bustadbygging og trivselstiltak som mange vil ha glede av. I arbeidet med reguleringsplanen for Grodås sentrum må kommunestyret leggje til grunn at gjennomgangstrafikken blir borte om 10–15 år. Noko som både gjev utfordringar og mogelegheiter.

– Kva er det som kan gjere Grodås sentrum unikt i forhold til andre liknande tettstader?

– Vi har Europas djupaste innsjø med strandsone og badestrand som kan utviklast og utnyttast mykje meir enn i dag.

– Kva konkrete tiltak siktar du til?

– Ein samanhengande gangsti langs vatnet frå badestranda til Svormuseet, vil heilt sikkert bli mykje brukt både av tilreisande og fastbuande. Etablering av båtplassar blir også svært viktig. Og som sagt, Grodås er allereie ein populær badeplass som kan bli endå meir attraktiv. Opne plassar til Hornindalsvatnet er nøkkelen til positiv utvikling.

– Korleis kan næringslaget bidra til sentrumsutvikling?

– Lauraparken, badestranda og vassparken er eksempel på tiltak der vi saman med andre gode krefter har fått til populære tilbod. Men vi må lage til mykje meir. Og då gjeld det å tenkje heilskapleg, ut frå målsettinga om at Grodås skal vere eit attraktiv plass. Næringslaget ønskjer å vere konstruktiv bidragsytar i arbeidet med sentrumsutvikling, sluttar Bjørn Lødemel.