- Kva med habiliteten  rådmann Storevik, sakshandsamar Dvergsdal og pådrivar Sandbakk i saka som gjeld utfyllling av næringsareal på Vikaleirane? Martin Berstad stiller spørsmålet i innspel til kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde.

- Korleis vurderer du habiliteten i forhold til ditt søskenbarn Kristian Sandbakk, rådmann Per Kristian Storevik?

- At vi er i slekt, er greit. Men spørsmålet er korvidt Kristian Sandbakk har rolle i denne saka. Så vidt meg bekjent sit han ikkje i styre for nokon av bedriftene som ønskjer utvidingsareal på det aktuellle området.

- Og kva med habilitet i forhold til svoger Geirmund Dvergsdal som er plansjef i Stryn kommune?

- Det ser eg ikkje som noko problem ettersom korkje han eller eg er part  i denne saka.

- Korleis vil kommunen handsame innspelet frå bebuarar i Vikalida?

- I prosessen som no er i gang, skal vi gå igjennom alle innkomne merknader til kommunedelplanen Langeset - Stryn - Storesunde. Viss det dukkar opp spørsmål om habilitet, må det vurderast. Det er opplagt, sluttar rådmann Per Kristian Storevik.