Det kan vere aktuelt å setje opp sperreband på cruisekaia i Olden på grunn av den dårlege grunnen som er avdekka i rapport frå Norconsult, melder NRK Sogn og Fjordane og viser til uttalelse frå styreleiar Elisabeth Elliot i Nordfjord Havn.

Ordførar Sven Flo opplyser til Fjordingen at det kan vere aktuelt med felier løysingar på kaia.

- Det vil bli avskjerming av området nærast kaia med gode løysingar. Området vil då framleis vere eit godt vrimleområde for cruiseturistane. Bussane vert tekne inn på ein annan måte. Mellom anna vil ein sjå på om dei kan stå meir i lengderetning og ikkje skrått parkert som i dag. Bussane kan kome inn i området frå ei muleg ny planlagt innkøyring i nord.

- Med god planlegging og med representantar frå Nordfjord Havn til stades i sommar, vil dette løyse seg på en god og tilfredsstillande måte. Elles vil det bli sett vidare på kostnader ved tiltak ved forsterkning av landfronten sett i lys av den gode planen som i dag ligg på bordet. Dette i forhold til gangveg og nytt oppstillingsområde for bussar, tog mm, seier Flo.

Han minner om at sjølve kaia er i god teknisk stand, og at saka som er omtalt gjeld bakanforliggande landområde.