BMO Entreprenør frå Kongsberg skal 18. april starte opp arbeidet med reparasjonar og utbetring av 20 bruer i Stryn kommune, eit arbeid som etter kontrakta skal vere ferdig innan 1. juni, opplyser prosjektingeniør Tor Guddal til Fjordingen.

55 kommunale bruer

Stryn kommune eig 55 bruer rundt om i kommunen, og i 2013 vart Safe Control AS etter anbodskonkurranse innleigd til å gjennomføre hovudinspeksjon/tilstandskontroll på alle desse bruene. Hovudinspeksjonen avdekka behov for speisalinspeksjon for dei tre bruene Stauri bru, Bruagrenda bru og gang- og sykkelbrua ved Innvik Ullvarefabrikk. Vidare vart det avdekka behov for etterberekning av av tilrådd bruksklasse  for seks bruer, Sætre bru, Stauri bru, Bruagrenda bru, Vassenden bru nummer ein , Vassenden bru nummer to og Eiarhølen bru på Bruvoll. Dette vart utført av Skarstein & Walaker i mars 2014.

- Når det gjeld utbetringstiltaka, var tdei finansierte i 2015, seier Guddal.

Kontrakt på 1,9 mill.kroner

- Kor store kostnader blir det på arbeidet med dei 20 bruene?

- Kontrakta med selskapet er på 1,9 millionar kroner. Alle dei 20 bruene er i dag køyrebruer med unnatak av den 9,5 meter lange gang-og sykkelbrua ved Innvik Ullvarefabrikk. Denne skal rivast og ny bru skal byggast. I forhold til i dag blir ho utvida til tre meter innvendig for å kunne brøytast. Den nye brua er berekna for 8 tonn akseltrykk, seier Guddal.

- Korleis vil BMO Entreprenør organisere arbeidet?

- Dei har forskjellige arbeidslag som gjer ulike arbeidsoperasjonar. Dermed vil det vere arbeid på fleire bruer til same tid. Verksemda gjorde også jobbar for oss i 2007-2009.

Ulike arbeidsoperasjonar

- Kva for arbeid blir utført?

- Utanom brua i Innvik, dreier det seg mest om sikring av fylling, utbetringar av avskallingar og armeringskorrosjon, avstiving av stålbjelkar mot vippping, påføring av måling/organisk belegg og overflatebehandling av stålbjelkar. Også reparasjon etter utvasking og innfesting av rekkverk kan vere påkrevd.

- Korleis vil du vurdere tilstanden generelt på dei 55 kommunale bruene?

- Det er stadig behov for ettersyn. Særleg ein del stålbjelkar skulle vore behandla med sandblåsing og lakkering. Det er krav om inspeksjonar kvart tredje år. Når arbeidet med dei 20 bruene no er gjort, er det tid for å evaluere.

Tor Guddal ber folk vise forståing for arbeida og seier at dei i så stor grad som råd prøver å tilpasse arbeidet i forhold til viktig bruk av vegen. Det vere seg mjølkeleveransar og anna. Det blir laga skilt om stenging av enkeltbruer som kan setjast opp dagen før dette er aktuelt.