Ved starten på arbeidet med kommunereforma for snart to år sidan, vart det opplyst at Hornindal kommune vil miste småtilskotet på 5,5 millionar kroner per år dersom dei ikkje slår seg saman.

- Då er det ikkje meir å diskutere. Eg har alltid hevda at Hornindal er best tent med å vere eigen kommune, men innser at det vil vere uråd etter eit så stort inntektstap,  konkluderte varaordførar Idar Nygård (V) etter at rådmannen hadde presentert regjeringa sitt opplegg for kommunereforma.

Endringa i inntektssystemet som no ligg føre, viser at Hornindal sitt årlege tap blir 1.646.000 kroner.

- Dette vil det bli orientert om på kommunestyremøtet i ettermiddag, seier rådmann Ann Kristin Langeland til Fjordingen.