Idrettskrinstinget gjev full støtte til arbeidet med å etablere eilandslinje for langrenn og skiskyting i Stryn. Det politiskevedtaket om nedlegging av idrettslinja ved Stryn vidaregåande skuleer beklageleg for Sogn og Fjordane idrettskrins v/Idrettskrinstinget, når ein ser kva som er bygd opp av kompetanseog anlegg med stor fylkeskommunal støtte over tid, står det å lese i ei fråsegn frå styret som fekk samrøystes oppslutning på idrettskrinstinget.

I fråsegna heiter det vidare:

"Fylkeskommunenhar i mange samanhengar gått inn med økonomisk støtte, m.a. med dengrunngjeving at det skaper merksemd. Få har vel skapt størremerksemd enn nettopp utøvarane med bakgrunn i idrettslinja vedStryn vidaregåande og skianlegget Ullsheim i Markane. Alternativettil tilbodet i Stryn er at dei beste utøvarane reiser til skular påAustlandet. Dei lokale miljøa blir utvatna, og dei nest beste velandre utdanningstilbod og legg skia på hylla. Dermed har ein valtei løysing som byggjer ned uviklingsmoglegheitene innan idretten, istadenfor å bygge opp. Også i dag er det utøvarar som vel tilbod påAustlandet, men ved å etablere ei landslinje vil endå fleireutøvarar bli i heimefylket, medan dei fullfører vidaregåande skule.Det vil truleg også auke sjansen for å flytte heim seinare. Meddagens politiske system står fylkesgrensa til Møre og Romsdal somein usynleg «mur» mellom utøvarane. Ullsheim er treningstaden forutøvarar frå Volda, Ørsta og indre Sunnmøre. Til tider ogsåMolderegionen. Ved å få i stand ei landslinje vil ikkjefylkesgrensa vere til hinder for at desse ungdomane kan få eitsamla trenings- og utdanningsmiljø knytt opp mot den kompetansensom alt er utvikla ved Stryn vidaregåande og anlegget som er bygdopp i Markane. Trenarkompetansen finst fortsatt ved skulen, mendenne vil truleg forsvinne om tilbodet ikkje kjem tilbake innan2016-2017", heiter det i fråsegna