- Det er ikkje lett å få til vidare drift på Vidre AS sitt anlegg med bussproduksjon i Stryn, seier bustyrar Per Kjetil Stautland.

Bustyraren seier at det eventuelt kan bli ei viss drift i mindre skala, men då i form av reparasjonar og vedlikehald. Advokat Stautland poengterer at noka endeleg avklaring ikkje ligg føre, og at det blir opp til banken som pantehavar å avgjere kva som skal skje vidare.

Ved konkursopninga 22. mars vart det opplyst at Vidre AS då hadde ei gjeld på 19,4 millionar kroner og verdiar for cirka 7 millionar.