Overflytting av elevar frå Rand skule til Nordsida skule. Avvikling av legekontoret og helsestasjonen i Olden. Dette er ifølgje rådmann Per Kristian Storevik si tilråding mellom dei mange tiltaka som skal vere meg og skape budsjettbalanse i Stryn kommune sin økonomiplan i perioden fram til og med 2016.

Det som blir kalla Prosjekt 2013, går no inn i den avgjerande fasen. Rådmannen la siste hand på si tilråding i saka laurdag. Dette etter at prosjektgruppa hadde hatt sitt avsluttande møte torsdag. I morgon skal sektorutvala seie sitt, før formannskapet og kommunestyret får det avgjerande ordet seinare i månaden.

I papiravisa kjem Fjordingen i dag inn på mange av tiltaka, som i tillegg til dei ovanfornemnde nedleggingane på Rand og i Olden, skal rette opp Stryn kommune sin årlege underbalanse i 11-millionar klassen frå og med 2014.