Sommarskisesongen har vore lang og det har vore mykje snø på Tystigen. Likevel har gjestane svikta.

– Det er i hovudsak svenskar og finnar som har halde besøkstale oppe, fortel Idar Aaboen, dagleg leiar og eigar av Stryn sommarski.

– Nordmenn veit kanskje ikkje kor fint vi har det her oppe, og kanskje folk vel å ikkje kome på grunn av at breheisen er borte. Det er synd, for eg vil seie at vi har eit fantastisk tilbod slik som det er i dag også, seier han til Fjordingen.

No er det berre denne veka att med opent skisenter, før dei stengjer for sesongen. Aaboen håpar at folk vil nytte moglegheita til å vitje sommarskisenteret før dei stengjer.

Trass i det dårlege besøket, har Aaboen klart å drifte skisenteret slik at dei unngår konkurs. Han lovar at det blir opning til neste år også.