Vi er komne inn i dei siste to vekene av juli månad og for nokre betyr det at sommaren snart er over. Bengt Raftevold (21) frå Hornindal fortel at han skal arbeide heime for å tene litt ekstra kroner før han flyttar tilbake til Bergen for hausten.Kva er årets ferieplanar?- Planen for resten av ferien vert vel å arbeide heime, og tene det siste eg kan av kroner før eg flyttar tilbake til Bergen for hausten. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommardag for deg?- Ein perfekt sommar hadde vore å få tatt ut båten, samla ein god gjeng med kjende og ukjende, for deretter å bade samt tatt nokon kalde pils i det ein kjende sola steike på himmelen. Det ville vore idyll, fortel Raftevold. Kva et du helst på denne tida av året?- På denne tida et eg faktisk mykje sunn mat som salatar og kyllingrettar, og føler eg har fått skikkeleg smaken på det sunne.

Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Eg ville tatt sommargjestane med meg på Malakoff Rockefestival. Meir latter og minner får du sjeldan servert på ei helg i paradiset Nordfjord.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Det må vere frå då eg og vennegjengen dro opp på fjell- og hyttetur saman. Der vi opplevde naturen heilt til sola stod opp neste dag. Kjensla av å vere ung og fri var ei herleg kjensle.