- Hornindal skule har over lang tid slite med dataproblem på grunn av ting som ikkje fungerer. Det medfører at elevar og lærarar brukar ekstra tid på å laste ned det dei skal jobbe med. No gjeld det å få til gode system for innkjøp og vedlikehald, understreka Anders Hjellbakk (Sp) før Hornindal kommunestyre løyvde 453.609 kroner til oppgradering av Nordfjordnett sine lagringssystem.

Nordfjordnett som er eit interkommunalt selskap, skal investere 7.176.000 kroner i eit nytt, moderne lagringssystem i datasenteret i Måløy med tilsvarande løyving i reservesenteret på Nordfjordeid.

Hornindal kommunestyre gjekk samrøystes inn for å ta sin del av kostnaden, 453.609 kroner. Dette ut frå erkjenning av at risikoen for at dagens løysing feilar, med dei følgjene dette får for kommunal drift, er så stor at noko må gjerast straks.

Rådmann Ann Kristin Langeland peika på at problema til Nordfjordnett hadde fleire årsaker, m.a. at ein ikkje har fått gjennomført nødvendige investeringar.