Dersom flyavgiftene aukar, er Widerøe-sjefen Stein Nilsen redd for at dei måkutte fleire flyavgangar langs vestlandskysten.

På enkelte Widerøe-avgangar har trafikken fallemed over 30 prosent etter at oljeprisen begynte å rase nedover forto år sidan, skriv Dagens Næringsliv. Samtidig har skatte- ogavgiftsnivået gått opp.

Widerøe-sjef Stein Nilsen meiner det erveldig uheldig at avgiftene kjem i ei tid der næringslivet langskysten har store omstillingsutfordringar, og viser til at deiplanlagde avgiftene kan føre til ein prisauke på 300 kroner perbillett.

– Kor store kutt det er snakk om, må vi kome tilbake tilnår vi ser den endelege utforminga og tidspunktet for innføring.Det vil uansett ramme tilbodet langs kysten frå Kristiansand tilKristiansund, der næringslivet har store utfordringar og eravhengig av samband med omverda. Dei vil få eit redusert tilbod oghøgare billettprisar, seier han til avisa. Widerøe har allereieauka prisane på billettane som blir selde etter 1. juni for å tahøgde for den nye avgifta, seier Nilsen. (©NPK)