Med 13 mot 12 røyster gjekk Stryn kommunestyre i dag inn for eit framlegg frå deler av Høgre-gruppa som omhandlar føringar for framtidig barnehageløysiing i Vikane. Denne saka var omfatta med stor interesse frå folk i Vikane som møtte mannsterke fram under handsaminga.

Opphaveleg fire framlegg

Før gruppemøta låg det i alt fire framlegg i saka på bordet. Det var fleirtalsframlegget som fekk fem mot to røyster i formannskapet og som var reist av Astrid Drageset Raftevold (Sp), eit endra framlegg i ordlyden frå Raftevold, framlegg frå deler av Høgregruppa ved Aud Løvlid og eit framlegg frå Sp, fremja av Per Kjøllesdal som bygde på skule- og kulturutvalet, men med tillegg.

Etter lengre debatt før gruppemøta signaliserte Drageset Raftevold at samlokalisering til Utvik komande skuleår kunne vere eit kompromiss på vegen mot samordning skule/barnehage i oppvekstsenter i Innvik.

Jan Træen (Ap) ba seinare om prøverøysting på hennar endra framlegg av fleirtalsvedtaket i formannskapet, og prøverøystinga viste då at ho der fekk seks røyster for dette. Ho trekte då sitt forslag og uttrykte at ho ville gå for Høgre sitt framlegg. Med eit stilletiande kommunestyre fekk ordføraren også aksept for at fleirtalsvedtaket i formannskapet ikkje lenger var noko alternativ, og dermed sat ein att med to framlegg. Etter gruppemøta let det seg ikkje gjere å oppnå kompromiss mellom desse.

- Utgreiing om oppvekstsenter

Vedtaket som fekk fleirtal med 13 røster vart fremja av Aud Løvlid (H). Det går på at "for barnehageåret 2016/17 blir barnehagane i Vikane samlokalisert til Utvik". I punkt to vert administrasjonen gjeve i "oppdrag å utarbeide økonomiske og bygningsmessige konsekvensar ved ei samordning skule/barnehage i oppvekstsenter i Vikane, lokalisert til Innvik. Kommunestyret skal ta endeleg avgjerd når kostnadstala ligg føre, i god tid før budsjettprosessen 2017 startar. Dersom det ikkje skal vere barnehage i Utvik i framtida, må Stryn kommune ha ein plan for dette bygget".

Mindretalet ville ikkje ha føring på lokalisering

Løvlid og Høgre sitt framlegg vart i avrøystinga sett opp mot framlegget frå Per Kjøllesdal (Sp) der det ikkje vart lagt inn eksplisitt føring om oppvekstsenter i Innvik, men der dette skulle haldast opent i ei vurdering. Dette mindretalsframlegget hadde denne ordlyden:

"Frå hausten 2016 vert det drifta ei barnehageavdeling i Vikane lokalisert i Utvik, ut frå gjeldande økonomiske råmer. Kommunestyret ber administrasjonen vurdere framtidig barnehageløysing i Vikane og leggje fram ei sak for kommunestyret før budsjettprosessen for 2017. Det skal vurderast vidare drift av både avdeling i Utvik og eit oppvekstsenter i Innvik. Det skal takast omsyn til pedagogiske barnehagefaglege, arbeidsgjevarmessige og økonomiske tilhøve. Det er ein føresetnad at ei framtidig løysing har nok kapasitet til å bidra til ei god utvikling i Vikane".