Stryn kommune med teknisk sjef Jan Flore og prosjektleiar Knut Gunnar Ulvedal i spissen, vil tysdag 29. mars halde informasjonsmøte om arbeidet med framtidig vassforsyning til Blakset og Ulvedal.

Mange avklaringar

-Det er mange avklaringar som trengst. Gebyrforskrifter og ansvarsfordeling om kven som gjer kva av kommune og private, er mellom dei tema som vert tekne opp, seier teknisk sjef Jan Flore.

Vinsrygg Maskin som har den største entreprisen,vil starte gravearbeidet på Svarstad og Blakset så raskt som råd. Dette for at endepunkta for den om lag sju kilometer lange fjordleidninga skal vere klare før firmaet IMC Diving startar arbeidet med rørleidninga.

Ferdig neste sommar

- Heile anlegget skal stå ferdig neste sommar med vassforsyning frå Holvatnet og Stryn vassverk til ca. 80 nye abbonentar. Ali i alt skal det gravast 3,5 kilometer med grøfter. Høgdebasseng skal byggast på Ulvedalsveten, og det krevst to pumpestasjonar, den eine på Øyestad og den andre ved Nordsida kyrkje, seier Flore.