Sektorutvalet for tekniske saker i Stryn vedtok i går mot to røyster å nekte dispensasjon for bygging av 22 KV kraftleidning som luftstrekk i samband med straumforsyning til Hoven i Loen. Dette har vore aktuelt i området mellom "Lessebakken" til "Hovsdalsholten" frå Opheim. Dette strekket er 680 meter langt, og under leidninga har det vore føresett å rydde ei 16 meter brei hogstsone.

Fylkesmannen frårår

Administrasjonen deler fylkesmannen sitt syn på saka og viser i vurderinga til at det allereie godkjende veganlegget fram til Hoven representerer eit "sår" i landskapet og at det er uheldig å forsterke dette ytterlegare.

"Det visuelle inntrykket av kraftleidning/trase vil bli lite pent sett frå fjorden og frå Olden-sida. Sjølv om kostnadene ved å leggje jordkabel på heile strekninga er høgare enn å kombinere tiltaket med eit luftspenn, meiner administrasjonen i teknisk etter ei samla vurdering at ulempene ved eit slikt "kombinert" tiltak er større enn fordelane.

- Kan ikkje sjå problemet

Odd Kåre Hjelmeland (H) kunne ikkje sjå problemet med det omtalte luftspennet og at han personleg ikkje lenger såg noko skjemmande med slike kraftlinjer som til dømes var synlege på strekninga ned til Eid. Han viste til "sår" som kunne vere langt verre enn det ein ville få i Loen.

Kolbjørn Nilsen og Jan Flore viste til grunnlaget for avslag på søknaden om dispensasjon:

- Vi føl tilrådinga frå fylkesmannen, sa Nilsen. Jan Flore la på spørsmål ikkje skjul på at bygging av jordkabel vart ei dyrare investering, men at det driftsmessig ville bli ein del å spare. Han la til at det ville bli "synlege sår" med luftkabel og snauing av skogbelte. Dette i eit prosjekt som nettopp hadde naturen som salsvare.