Smak Kafe og Catering er kåra til  "Årets handelsbedrift" 2015 i Stryn kommune. I dag vart diplom/plakett, blomster og kake, laga av verksemda sjølv, overrekt av Anne Siv Jevnehagen som er banksjef i Nordea si avdeling i Stryn. Det er Nordea som har oppretta denne prisen som i går vart tildelt for tredje gong i Stryn kommune.

Overraska

Solgunn Øen og Ann-Kristin Flåm vart ikkje så reint lite forundra då dei fekk seg fortalt at den store flotta kaka ikkje skulle ut av huset. Nils Jørgen Omberg smilte lurt. Han hadde visst om det i to dagar.

I juryen for prisen sit Anne Siv Jevnehagen, Anita Vinsrygg i Stryn Næringssamskipnad, Knut Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage og Victoria Øvstetun i Stryn Handel. Det var cateringdelen i verksemda dei la hovudvekt på.

– Bedrifta og medarbeidarane gjer noko ekstra for kundane sine. Dei leverer stor breidde og variasjon og strekkjer seg langt for å imøtekome kunden sine ønskje. Ikkje minst har dei samarbeidd med mange lokale bedrifter og er på den måten ein positiv bidragsytar for utvikling, sa Anne Siv Jevnehagen mellom anna og la vekt på eigenskapar som stor og variert kapasitet, høgt servicenivå, fagleg kompetanse, raske svar og god profilering.

Starta opp for 15 år sidan

Det er no 15 år sidan Solgunn Øen og Nils Jørgen Omberg starta opp, då med Kafe Hjorten i Stryn kulturhus. I nesten alle år har Ann-Kristin Flåm vore med dei.

– Vi set veldig stor pris på utmerkinga. Vi likar å jobbe og prøver å vere fleksible. Kjekt at dette blir lagt merke til, seier dei.

No står snart konfirmasjonar for tur. I fjor leverte dei catering til 14 slike på ein dag. I år har dei 50 på lista totalt over 5-6 dagar. Døgnet har mange timar, seier entusiastane. I tillegg til «å serve» folk flest, er dei gode leverandørar til andre etablissement. Slikt gjev verdiskaping langt ut over eiga verksemd.