Straumbrotet som råka store deler av Nordvestlandet litt over klokka 18 torsdag, gjorde at deler av Telenor sitt mobilnett låg nede til klokka 20.30.

- På det meste var 52 basestasjonar i Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal berørte, opplyser r Bjørn Amundsen, dekningsdirektør for mobilnettet i Telenor. Amundsen opplyser vidare at det no er etablert batteri-backup på majoriteten av Telenor sine basestasjonar, og stadig fleire er i ferd med å få slik batteriløysing.

- Ikkje minst i kjølvatnet av orkanen Dagmar og det langvarige straumbrotet  i jula 2011, er dette eit arbeid som pågår og blir prioritert i tida framover, seier Amundsen.

I indre Nordfjord opplevde ein del abonnentar at mobilnettet låg nede medan andre hadde mobildekning under straumbrotet torsdag. Fjordingen har fått  opplyst at store deler av Hornindal kommune då var utan mobildekning.