Statens vegvesen har ennå ikkje bestemt kva for dag vegen fram til Stryn Sommerski kan opnast.

-Vi gjer fortløpande vurderingar. Vi har ennå ikkje nådd heilt fram til skisenteret med brøytinga, og det er is i vegbana. Måndag gjekk det eit flakskred over maskinane, og dermed vart det ikkje fresing tysdag. Vi skal jobbe heile torsdag, og så blir eventuell opning vurdert på nytt. Når det gjaldt asfalten som var øydelagt av vatnet ovanfor Videseter, er denne no reparert,  seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Terje Samuelsen.

Stryn Sommerski og marknadsansvarleg Magne Brekke har eit håp om at vegen kan bli opna til pinseshelga, men den offisielle opningsdatoen av anlegget er på heimesida til Stryn Sommerski sett til 24. mai.

-Eg er beherska optimist med tanke på pinsehelga. Det ville vore fantastisk å fått dei dagane, seier Brekke. Han seier at anlegget er i tipp topp stand, og breheisen har stått oppe i vinter. Det er håp om å halde anlegget oppe til 7. juli. Ny dagleg leiar i Stryn Sommerski er Idar Aaboen, ein kar som kjenner anlegget ut og inn etter mange sesongar på fjellet. Elles blir NM i Snowboard det store arrangementet, og allereie i helga kjem Odd Roar Solerød for å byggje parken.