- Kvifor har Statens vegvesen skrinlagt det mest fornuftige alternativet for E39 i Hornindal? Spørsmålet vart stilt av Svein Otto Espe på folkemøtet i Honndalshallen måndag kveld.

– E39 gjennom Grodås sentrum er den billegaste og beste løysinga. Sleng alternativet inn att på bordet, oppfordra Espe.

– Kom med dette i skriftleg innspel så skal det vurderast, svara prosjektleiar Ellen Njøs Slinde. Utan å gje nærare lovnad om at alternativet skal takast inn att.

Planleggjar Kurt Hagen synte til Statens vegvesen si handbok som slår fast at riksvegar ikkje skal gå gjennom miljøgate.

I følgje Kurt Sagen må  E39 Byrkjelo–Grodås planleggast for årsdøgntrafikk mellom 5.800–6.500 køyretøy. Dette ut frå forventa trafikk i 2050.

– E39 skal ha 12,5 meter vegbreidde og midtdelar. Vegen kan ha 90 km/t fartsgrense, med unntak av tunnelane som utgjer halve strekninga mellom Byrkjelo og Grodås, opplyste Kurt Sagen.

For E39 med årsdøgntrafikk over 4.000 køyretøy, er det krav om eitt forbikøyringsfelt i per ti kilometer i kvar retning.

– Det betyr at store delar av E39 i dagen vil ha tre felt. Også den nye brua mellom Frøholm og Svarstad kan få tre felt, opplyste Kurt Sagen.

Svein Otto Espe meiner det blir feil å leggje E39 utanom Grodås sentrum.