- Det er ei stor ære å få vere her ogsnakke om boka,  sa Jens Vestrheim då han i går fekk Sogn og FjordaneMållag sin målpris for 2015.

Jens Vestrheim som er frå Naustdalfekk prisen for arbeidet med å samle inn ord og uttrykk fråNaustdalsmålet. Arbeidet resulterte i fjor i boka «Godt mot»og erei samling på 1000 dialektord med forklaringar.

- Eg har alltid liktå skrive, og dette har først og fremst vore ein hobby. At det vartbok var meir tilfeldig, sa Vestrheim som presenterte seg som bondeog målmann. Det var under årsmøtet til mållaget på Skei atVestrheim fekk prisen.