Skatestraumtunnelen i Bremanger vil vere stengd ut året.

Det skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Dei var på synfaring i tunnelen denne veka.

Det vil ifølgje Vegvesenet koste fleire titals millionar å reparere skadane etter brannen.

- Vi har framleis ikkje heile bildet over kor stort omfanget er. Allereie ser vi likevel at skadane er store og omfattande, og det vil ta lang tid å gjere tunnelen i stand att. Truleg blir tunnelen stengd ut året, i verste fall lenger, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i pressemeldinga.