Per Hatledal gav på folkemøtet om E39 klart uttrykk for kva han ser som beste løysing for kryss, traileroppstilling og massedeponi i Markane. Han lanserte også forslag om å trekkje innslaget for tunnelen til Grodås lenger aust, slik at ein unngår rasering av Sindreøyane.

- Ved å forlenge tunnelen til Grodås med 1,4 kilometer, sparer ein Sindre og Øyane for inngrep som vil vere svært skadelege for miljøet i Markane. Løyvinga betyr at ein slepp å byggje 1 kilometer veg i vanskeleg terreng. Eg trur Statens vegvesen vil tene pengar på ei slik løysing, sa Per Hatledal til applaus frå dei vel 30 som deltok på informasjonsmøtet i regi av Statens vegvesen og kommunane Hornindal og Stryn.

I forslaget til planprogram  ligg det inne to alternativ for E39-kryss i Markane. Det eine i Sindreøyane, det andre lenger aust.

Sjølv om valet først skal fattast om to år, har styret i Kjøs og Markane allereie gjeve innspel på kva dei tykkjer er rett løysing:

Tunnel frå Svarstad/Faleide til området ved Søndsmyra (vest for Dalane kraftstasjon) og massedeponi i området Styggura like ved.

Per Hatledal som var den einaste som tok ordet på folkemøtet torsdag kveld, argumenterte sterkt for dette alternativet.

– Då første sjokket hadde lagt seg etter at vi fekk presentert dimensjonane på E39 og arealbehovet, vart det halde møte i Markane. Ved å leggje massedeponi og E39-kryss med oppstillingsplass for trailerar i området Styggura, sparer vi Sindre og Øyane. Som i det andre alternativet blir rasert, hevda Per Hatledal. Og heldt fram:

– Ved å konsentrere seg om området Søndsmyra/Styggura, får ein nytta tunnelmasse til oppfylling. Heile området for E39-kryss og traileroppstillnig kan opparbeidast utan at det går ut over eksisterande miljøa, hevda Per Hatledal. Som også gjorde det klart at markarane er sterkt opptekne av at ein får til tunnelkryss på Svarstad.

– Det er veldig viktig med to  tilknytingspunkt mellom brua og tunnelen til Grodås, understreka Per Hatledal.