Med godt oppmøte og eit heilt greit vêr, tykte to av arrangørane, Kristoffer Vik Nygård og Paal Henning Molvær Jørgensen, at det var eit særdeles vellukka arrangement laurdag.

Vik Nygård og Molvær Jørgensen fortel det var mange glade folk å sjå ute på Stryneelva den dagen. Dei seier stemninga var på topp heile tida.

– Vi fekk til og med litt sol, i ein elles så regnfull sommar, fortel Vik Nygård.

Han får medhald frå Molvær Jørgensen som seier at vêret ikkje alltid har vore lett å føresjå.

Under eit slikt arrangement vert sikkerheit for deltakarane prioritert fyrst. Stryn Røde Kors stilte mannsterke opp med både båt, og med personar i våtdrakt.

– Utan dei hadde vi nok ikkje hatt moglegheita til å kunne fått halde festivalen i gang, seier Molvær Jørgensen.

Han gjev saman med Vik Nygård ein stor takk, og ser begge fram mot ein ny festival neste år.