Dei hjelpte i fjor 55.000 personar opp til Briksdalsbreen. Etter å ha bytta hest og kjerre, med "trollbilar" i 2004, har skysslaget hatt ein jamn vekst i følge Myklebust.

– Grunnen til jamn auke er nok at vi leverer eit produkt som turistane er svært fornøgde med. Det er ein fin tur, i flott natur. Norge er eit roleg hjørne i verda og så har vi ein kronekurs som no er gunstig, seier leiar i skysslaget Rune Myklebust.

– For å halde på den gode trenden ønskjer vi å tilrettelegge med meir gangvegar. Her har vi gode planar som som vil gjere turen opp mot Briksdalsbreen til ei enno større oppleving. Dette  håpar vi å få lov å realisere snarast, seier han.

– Turistar frå Asia er ei stor kundegruppe for oss. Kinesiske turistar blir det stadig fleire av, og særleg spennande no er marknaden i India, seier Myklebust.

55. 000 av dei mellom 250 000 og 300 000 turistane som besøker Briksdalsbreen veljer å køyre med trollbilane, ifølge Roger Haugen i skysslaget.

-Det er mange som veljer å gå opp, men vi fraktar cirka 20-25% av turistane, seier Haugen.