Administrasjonen i Volda Kommune  har no på vegne av ordføraren gått ut til aktuelle kommuner og media der dei har invitert til møte om regionreforma. Dette skal vere komande torsdag i Volda.

I Stortingsmeldinga om Nye folkevalde regionar er forslaget at fylkeskommunane skal forhandle seg fram til 10 regionar innan 1. desember i år. Samstundes  skal regionane følgje funksjonelle grenser som bu- og arbeidsmarknader og handelsregionar. Det kan vere at Møre og Romsdal får halde fram som eigen region, men det er store utfordringar både i nord og sør, og fylkeskommunen vil ikkje samtale med grannar.

Sogn og Fjordane samtalar med Hordaland og Rogaland. På grunn av kommunikasjonsendringar, gjennomførde og planlagde, er Søre Sunnmøre og Nordfjord i ferd med å smelte saman til ein funksjonell region, men som fortsatt kan vere splitta av region- og foretaksgrenser etter 2020. Kan sunnmøringar tenke seg å bli med i ein Vestlandsregion? Kan nordfjordingar tenke seg å bli ein del av ein ”mørefjord”-region? Dette er aktuelle spørsmål å diskutere på møtet, heiter det i invitasjonen.