Stor stemning på tribuna under VM. Foto: Jan Kominek

Jan Kominek kjem frå Ostrava i Tsjekkia, og er ein stor tilhengjar av Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Han har kryssa fingrane for Bø-brørne denne helga i Holmenkollen.

– Eg fekk møte fanklubben Bøliebers under VM i Tsjekkia. Eg vil gjerne overbringe mine beste helsingar til Bøliebers med nokre bilde til dei, skriv han i ein epost til Visit Nordfjord. Helsinga er med dette formidla vidare.

Johannes og Tarjei er med på laget som går blanda stafett i Holmenkollen søndag ettermiddag.